Strålande sjåartal for sesongpremieren av «Heimebane»

Sesong to av NRK-serien «Heimebane» leverte strålande sjåartal. Totalt 643.000 fekk med seg den første episoden.

Sesong 2 av Heimebane hadde førpremiere på Sjøborg. Interessa for den nye sesongen er stor og den første episoden vart sett av 643.000.   Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll

Kultur

Nesten ein halv million menneske benka seg framfor tv-skjermen då sesong to av den kritikarroste NRK-serien «Heimebane» hadde premiere søndag kveld på NRK. 496.000 såg premieren på lineær TV og ytterlegare 147.000 såg første episode på NRKs nett-tv.

– Det er nydelege tal, seier tv-ekspert Marianne Massaiu.

– Dette er høgare tal enn det var i fjor. Vi har vore veldig spente, men har altså fått ein høgare sjåarprosent og høgare sjåartal i år enn i fjor, noko som vi er veldig fornøgde med, seier dramasjef Ivar Køhn i NRK til Dagbladet.

Frå første sesong av serien vart lagt ut i NRKs nettspelar i fjor, har alle episodane i sesong ein enda opp på rundt ein million visingar. Køhn fortel at NRK har sett ein tendens til at dramaseriar oftare blir spelte av på nett.

– Det er derfor ekstra gledeleg at det har vore så gode lineærtal i helga. Det er gøy at folk vel å sjå serien når den blir sendt, seier han til avisa.

Den store vinnaren i helga vart likevel «Nytt på nytt», som landa på 977.000 sjåarar. Programmet har dei siste vekene kniva med «Mesternes mester» om å ligge øvst på helgetrona. Denne helga vart sportsrealityen på NRK sett av 974.000 sjåarar.

«Lindmo», som avsluttar NRKs gullrekke kvar fredag, fekk 771.000 sjåarar. Sjølv om sjåartala har variert for talkshowdronninga, trekker ho langt fleire sjåarar enn TV 2-konkurrenten «Skavlan». Programmet, som har vorte flytta til laurdag kveld, landa på 235.000 sjåarar som er ein markant nedgang.