Avspark for Sommarles

Kultur

I morgon, onsdag, er det avspark for Sommarles. Det blir live-sending der Jørn Lier Holst og sommarles-forfattaren Mari Moen Holsve deltar. Det blir også nokre overraskingar.

Anne Vasstrand og Britt Myrene frå Hareid folkebibliotek og Ulstein bibliotek vil oppmode alle lærarar til å slå på direktesendinga så skuleelevane får sjå på medan dei et nistematen sin.

Om ein ikkje får sett sendinga direkte, kan ein også finne opptak av det. Sendinga blir sendt via Vestfold fylkeskommune sin YouTube-kanal eller via Sommarles.no

Frå i morgon av kan ein gå inn å registere seg på Sommarles.no.

Sommarles.no er ein nasjonal, digital sommarlesekampanje i regi av folkebiblioteka, for alle born frå 1. til 7. klasse. Verdt å merke seg at alle som skal byrje i førsteklasse i haust kan bli med. Det er ikkje berre bøkene borna les sjølve som ein kan registrere og få poeng for, også lydbøker og når nokon andre les for barnet kan ein registrere. Gjennom å samle poeng kan ein få premiar på biblioteket.