Lidarende finst ikkje berre på Island

Fager er lia Gunnar frå Lidarende greidde vart lyst fredlaus og hadde tenkt å reise frå landet. Då han snudde seg og såg seg attende tykte han heimstaden var så fin at han bestemte seg for å bli verande. Det skulle han ikkje ha gjort.  Foto: Ill.: Andreas Bloch, 1898.

Kultur

I ein artikkel i Vikebladet Vestposten for nokre veker sidan var eg inne på stadnamnet Lidarende på Island. Eg var faktisk nokre få kilometer derifrå sommaren 1995, etter å ha kryssa Island frå nord til sør i lag med Jon Gjerde, Odd Brandal og Per Johan Høyen. Vi var i ferd med å avslutte vandringa då vi såg Lidarende i den slake fjellsida på den andre sida av dalen nord om Eyafjallajøkulen.