To lokale grupper til finalen i Musikkprisen 2019

Bandet "Ufokusert" her under UKM i Ulstein og Hareid, er blant finalistane til Musikkprisen 2019.  

Kontrollert Kaos er ein av tre finalistar i konkurransen Musikkprisen 2019.   Foto: Pressefoto

Kultur

Bandet Ufokusert og Kontrollert Kaos er begge blant dei tre som er stemt fram som finalistar i Musikkprisen 2019. Det skriv Musikkprisen 2019 på facebooksida til konkurransen.

Dette er ein konkurranse der vinnarane får spele inn plate hjå Ocean Sound Recordings på Giske og får spele på Trondheim Calling og på ein stadiongkonsert under Jugendfest i Ålesund.

Ufokusert er eit indieband frå Søre Sunnmøre, som mellom anna består av Svenning Veiseth frå Hareid og Henrik Stave frå Ulsteinvik. Dei deltek med songen "Pretty Faces Pretty World".

Rapkollektivet Kontrollert Kaos, med medlemmer som mellom anna ZigZag-Zvor, Birdie Pirat, Andy Dandy og T2K deltek med songen "Kvar Vår Veg".

Den siste finalisten er Leander.

Finalen blir arrangert på Terminalen i Ålesund 19. juni og fram til då kan publikum stemme på sine favorittar.