Etter to år og sal av store mengder dopapir, skjer det endeleg:

Skal på verdas største speidarleir

Under Jamboree, som varer i 12 dagar, blir deltakarane kjent med speidarar frå heile verda.

Har samla inn 37 000 kr: Sigurd Moen Myrene (20) frå Haddal og Helene Lunde Øvereng (18) frå Ulstein gler seg stort til å delta på verdas største speidarleir. Dei er blant dei 596 norske deltakarane på leiren, der 10 av dei er frå Ulstein. Helene reiste den 14. juli, medan Sigurd reiser den 18. juli. – Eg kan vere med på turen fordi foreldra mine har seld store mengder dopapir, humrar Myrene.  Foto: Emily Louisa Millan Eide

Kultur

Neste måndag startar den internasjonale speidarleiren Jamboree. Det er forventa at 50.000 speidarar frå heile 152 land, frå alle kontinenta, kjem for å delta på verdas største speidarleir. Som denne gongen blir heldt i ein stor opplevingspark i West Virginia, USA. Temaet for den 24. verdsleiren er «Unlock a New World».