Forfattar Dag Solstad:

– Dei er heldige som har så flott kunst i kantina

På Hareid: Forfattar Dag Solstad og journalist/teaterkritikar Therese Bjørneboe var før helga gjester hos kunstmålar Håvard Vikhagen i Hjørungavåg. Då nytta dei sjansen til å sjå den store bildeserien som Vikhagen har laga om «Slaget ved Hjørungavåg, 2013», som heng i kantina til Hareid Group på Raffelneset. Foto: Anne Gry Eilertsen  Foto: Anne Gry Eilertsen

Kultur

Litt utpå dagen fredag 19. juli: Med sølvgrå manke og runde briller går forfattaren Dag Solstad rundt og myser på bildeserien «Slaget ved Hjørungavåg», som heng i kantina til Hareid Group. – Dette er kunst på høgt nivå. Dei tilsette er heldige, utbryt han.