Sjå stor bildeserie frå «The Music of the Night»:

Eit stykke magi i Hareidhallen

Kultur

I konserten «The Music of the Night» søndag kveld kombinerte Hjørungavåg Brass og solistane Markus Bjørlykke og Henriette Lerstad kjende musikalstykke med filmmusikk, og ein nok så kjend fotballhymne – på ein framifrå måte. Gåsehudfaktoren var høg, og trampeklappen etter konsertslutt ville nærmast ingen ende ta.