Balljegove på Holesanden:

– Om det ikkje er sant så er det godt loge

Kultur

Tysdag var det klart for den tradisjonsrike Balljegova i regi av Hareid mållag. I år var arrangementet flytta tilbake til Holesanden etter nokre år på Hareid Ungdomsskule, og allereie i god tid før programmet tok til var lokalet fylt av summinga frå godt prat. Lokalet var også fylt av god ball-lukt og på kjøkenet stod Lise Muren og Rannveig Frøysa og sørga for at dei om lag 90 frammøtte skulle bli både gode og mette i løpet av kvelden.