Mange kom til Nynorsk kultursentrum

Konserten med Mari Boine under Dei nynorske festspela samla 532 gjestar i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet.   Foto: Svein Olav Humberset

Kultur

Nynorsk Kultursentrum hadde 32 062 besøkande gjester i 2019. Dette er det tredje høgaste talet sidan 2000, og det høgaste besøkstalet utan Ulvik Poesifestival (som blir arrangert annakvart år).

– Det er spesielt besøkstala til arrangementa og dei fem produksjonane me har ute på turne med Den kulturelle skulesekken som har merka fleire besøkande. Besøkstalet til utstillingane har halde seg svært stabile dei siste åra. Dei som får med seg nokon av dei 38 vandreutstillingane som er ute på turné er ikkje ein del av denne statistikken, men blir rekna med i statistikken der dei blir viste fram, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Det er Nynorsk Kultursentrum som står bak Litteraturdagane i Vinje, og dei hadde 40 prosent fleire besøkande i 2019 samanlikna med året før. Dei nynorsk festspela var også godt besøkte.

Per Magnus Finnanger Sandsmark er glad for at mange har fått med seg ein eller fleire av dei 422 arrangementa dei har gjennomført.