Kjartan Fløgstad kjem til Ulsteinvik

Måndag kjem forfattaren Kjartan Fløgstad til Ulstein bibliotek for å lese frå og fortelje om den siste boka si, "Due og drone"  Foto: Jarle Vinnes / Wikimedia Commons

Kultur

Måndag 9. mars kjem den kjende forfattaren Kjartan Fløgstad til Ulstein bibliotek.

Fløgstad, som vart fødd i Sauda i Rogaland i 1944, har skrive ei rekkje romanar, essays og reiseskildringar, men han har også markert seg som ein aktiv kulturdebattant.

Gjennombrotet i forfattarskapen hans kom med boka Dalen Portland i 1977. Den vart heidra med Nordisk råds littteraturpris

No er han aktuell med romanen "Due og Drone" som kom ut i fjor. Forfattaren vil lese frå og fortelje om den nye boka.

- Vi gler oss stort til å oppleve forfattaren i fri dressur, heiter det i ei melding frå arrangørane. Tilskipinga er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Ulstein bibliotek og Ulstein mållag og det er gratis inngang.