Con Moto framfører Ulsteinsongen

Con Moto framfører Ulsteinsongen i samband med 17. mai 2020. Foto: Berge Myrene / Ulstein kommune / Ulstein sokn

Kultur

Dei som bur ved alders- og sjukeheimen har i alle år kunne glede seg over å høyre Con Moto framføre Ulsteinsongen på nasjonaldagen.

- Dette har vore ein fast tradisjon kvar 17. mai i tredve år, seier koret sin dirigent, Svein Eiksund. Omsorgsbustadane på Alvehaugen har vore ein del av ruta til borgartoget, og her plar Con Moto gjere ein stopp for å synge bygdesongen som i 2004 kom nesten heilt til topps i radioprogrammet Norgesglasset si kåring av landets flottaste bygdesong, berre slått av bygdesongen til Kvinesdal.

Slik vert det som kjent ikkje i år, grunna koronasituasjonen.

Men ved teknologisk hjelp vert Ulsteinsongen framført ikkje berre dei som bur i omsorgsbustadane, men til alle som har tilgang til ein pc, eit nettbrett eller ein smarttelefon. Måndag denne veka vart det gjort opptak i Ulstein kyrkje til det som vert festgudstenesta denne nasjonaldagen. I samband med dette vart det også gjort opptak av Ulsteinsongen.

Det er Helge Saunes som har skrive teksten til Ulsteinsongen og melodien er komponert av av Johs Bratseth.

NB! Som ein bonus får du også høyre Con Moto framføre nasjonalsongen mot slutten av opptaket.