Om barrierer og ly i Ulstein kunstlag

Barrierer og ly er eit tema som vert omhandla i bileta til kunstaren Simon Wågsholm som stiller ut i Ulstin kunstlag frå og med neste veke. 

Kultur

Kva opplever vi som trygt? Biletkunstnaren Simon Wågsholm har arbeidd med spørsmål rundt dette og det har resultert i utstillinga «Sanctum». Arbeidet rundt temaet har gått føre seg nokre år og har fått ny aktualitet dei siste månadane.

Neste veke presenterer Ulstein Kunstlag denne utstillinga. Opninga skjer torsdag 18. juni i lokala som kunstlaget disponerer i andre etasje på Amfi-senteret i Ulsteinvik.

Simon Wågsholm er ein biletkunstnar, teiknar og grafikar frå Ålesund. Han er utdanna ved Ålesund Kunstfagskole og Universitetet i Bergen ved linja for Moderne kunst og estetikk og har hatt rettleiing av Ørnulf Opdahl. Han underviser også i maleri og kunstfilosofi ved Ålesund Kunstfagskole.

I ei pressemelding som Ulstein kunstlag har sendt ut, heiter det i opmtalen av kunstnaren at han er interessert i å undersøke møtet mellom figurasjon og abstraksjon.

Utstillinga i Ulsteinvik vil i hovudsak vise bilde som er gjort under prosjekttitlane «Shelter» og «Making ripples».

Shelter-bilda er ein serie arbeid som framstiller ulike former for barrierer eller former for ly, frå dei helt enkle barrierene av tynn tekstil til megakonstruksjonar i stål og betong som kan skjerme hele nasjonar. For kunstnaren handler disse arbeida om det samme grunnleggende behovet. Ønsket om å skape ei avgrensa sone, omgitt av ei barriere, som skjermer oss mot omgjevnadane og gir oss ly, komfort og tryggleik.Men konstruksjonane kan også handle om noko meir.

Making ripples-bilda sier noko om korleis dei små handlingane kan gi uante og kanskje enorme ringverknader.

Utstillinga er gratis for alle og Ulstien Kunstlag fortel at dei ønskjer å legge til rette for ei god kunstoppleving for alle som er innom. Det vil også vere høve til å kjøpe kunst som er utstilt.