Sommaravslutning med festival-smak

Fiolingruppa, som har Nadia Demirova som læar, framførte Edelweiss frå musikalen "Sound of Music" 

Kultur

Det er ikkje berre dumt med korona. Ta sommaravslutninga til Hareid musikk- og kulturskule til dømes. Hadde situasjonen vore normal ville denne truleg ha gått føre seg innandørs i eit truleg ikkje altfor godt ventilert rom, med litt ukomfortable stolar å sitje på. I staden for vart heile avslutningskonserten flytta utandørs av omsyn til smittevern, nærare bestemt til inngangsområdet ved Hareid ungdomsskule. Det heile gjekk føre seg sist fredag.