No er det klart – det blir Trebaatfestivalen i august:

Festivalmoro i Ulsteinvik – med Adam Douglas og fleire på scena

15-årsjubileet til Trebaatfestivalen blir noko annleis enn det arrangørane hadde tenkt – men blir likevel proppfullt av spanande arrangement, musikk og opplevingar for både små og store.

Line Urke og Hugo Antonsen kan no bekrefte at det blir Trebaatfestival i år - og den går av stabelen mellom 13. og 16. august.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Vikebladet Vestposten kunne i mai melde at arrangørane bak Trebaatfestivalen, ekteparet og primus motorane Line Urke og Hugo Antonsen, satsa på å arrangere festival – trass i koronakrisa.