Støtte til Hindholmen og Kvitneset

Stiftinga MS Hindholmen fekk 233.000 kroner i støtte frå fylkeskommunen gjennom deira tiltakspakke med støtteordningar til kulturlivet i fylket.  

Kultur

Møre og Romsdal fylkeskommune har fordelt 22 millionar kroner til større og mindre prosjekt rundt om i fylket. Dette etter at fylkeskommunen lanserte ein tiltakspakke med sju støtteordningar for kulturlivet i fylket, der målet var å dempe effekten av koronapandemien.

Totalt fekk fylkeskommunen heile 257 søknadar og no har 165 av desse fått støtte.

– Det som er viktig for fylkeskommunen er at så mange kulturaktørar som mogleg blir omfatta av tiltakspakken, frå profesjonelle lyd-, lys og teknikkfirma til lokale frivillige lag og organisasjonar, seier Hilde Hernes Hovland, kontorsjef i kulturavdelinga i ei pressemelding på fylkeskommunen sine nettsider.

Dei sju fylkeskommunale støtteordningane gav støtte til digital formidling av kunst og kultur, bevaring og restaurering av kulturminne, fartøyvern, skjøtsel av kulturminne, historiske vegar og friluftsområde, samt kompetansehevande tiltak for aktørar innan kulturelle og kreative næringar. Ordningane gav også kompensasjon for tapte inntekter ved avlyste eller flytta arrangement, samt tapte leigeinntekter.

I Ulstein og Hareid var det to prosjekt som fekk støtte frå ordninga. Hareid kommune fekk 250.000 kroner frå fylkeskommunen til eit prosjekt på Kvitneset.

På Hareid kommune sine nettsider skriv kommunen: "Hareid kommune har no fått 250.000 kroner til å ruste opp det flotte rekreasjonsområdet som Kvitneset er. Grunngjevinga er at Kvitneset har stor lokal og regional verdi. Målet er å gjere å gjere Kvitneset attraktivt for alle og formidle både historie og vise fram kulturminna."

I Ulstein var Stiftinga MS Hindholmen einaste søkar som fekk støtte. Ifølgje oversikta frå fylkeskommunen fekk stiftinga 233.000 kroner til eit rør for styremaskina på Hindholmen.

– Formålet med dei fylkeskommunale ordningane har vore å redusere og kompensere for skadeverknadane av pandemien, men også å sikre aktivitet og sysselsetting på sikt. Tiltak som er målretta og gjenoppbyggande vil vere viktig i tida framover, fortel Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.