Kultur-, næring- og folkehelseutvalet:

Løyver over 1,3 millionar til Hjørungavåg Vikingpark

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet gjekk tysdag samrøystes inn for å løyve Hjørungavåg Vikingpark eit tilskot på 1.367.000 kroner. Dei gjekk inn for tilrådinga frå fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik. Eit langhus utgjer ein sentral del av parken og dette skal etter planen stå ferdig innan hausten 2022 og skal byggast av lokal fure.   Foto: Arkitekt Magne Bergseth.

Kultur

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal gjekk i møtet tysdag samrøystes inn for tilrådinga frå fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik - om å løyve 1.367.000 kroner til Hjørungavåg Vikingpark. Dette er pengar frå spelemidlane til kulturbygg, som fylket fordeler på ulike prosjekt i 2020.

Det skal byggast eit 26 meter langt vikinghus på Leira i Hjøungavåg. Ei gruppe eldsjeler har skipa Hjørungavåg Vikingpark og håpet er at eit langhus skal vere på plass om to års tid. Vikinghuset skal setjast opp utelukkande i lokal furu og tømmeret vert skore til på staden.

- Kjempegreier

Styreleiar i Hjørungavåg Vikingpark, Ronny Nipen, seier det var veldig stort å få beskjeden om at utvalet har gått inn for tilrådinga.

- Dette er kjempegreier. Det er ein veldig gledeleg dag. Vi har venta på dette sidan i november i fjor, då vi sende forsøknaden, seier Nipen.

Kan gå i gang med grunnarbeidet

Reint praktisk kan ein no gå i gang med det vidare arbeidet - noko mange har gledd seg til lenge.

- Dette vil seie at vi kan byrje på sjølve grunnarbeidet på tomta. Det arbeidet vil halde fram utover hausten og over til neste sommar - då målet er å bearbeide tømmeret og etter kvart byrje på sjølve byggverket, seier Nipen til slutt.






Vil bygge Hjørungavåg Vikingpark

Eit bygdemøte på Jomsvoll torsdag kveld slo fast at bygging av eit langhus i tradisjonell vikingstil kan kome i gang på Leira alt til våren.