Pårørandeforeininga opplever stor givarglede:

- Det er mange som har hjarte av gull i Hareid

Pårørandeforeininga for Hareid sjukeheim og Hadartun er overvelda over givargleda til det lokale næringslivet, og rosar eldsjelene som har kome med gode initiativ.

Kino-TV: Honora Noreen Brandal (t.v.) og Heidi Kvalsvik frå Hareid Frivilligsentral står her ved den 75 tommar store TV-skjermen, levert av Elon, som no er på plass i vinterhagen på Hadartun.   Foto: Toril Overå.

Kultur

- Det er utruleg kjekt for oss i pårørandeforeininga at det er så mange som har lyst til å bidra til at andre skal få det betre, seier Toril Overå.