Brørne Leon og Norian deltok på "baklukeloppis" - Vi håper andre får nytte av det vi ikkje treng lenger

Brørne Leon (t.v.) og Norian Kelly er høvesvis 10 og 13 år gamle. Dei deltok på "baklukeloppis" laurdag - og ville tene seg pengar til ein ny skihjelm og spel.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Laurdag gjekk "baklukeloppis" av stabelen i Ulsteinvik sentrum. Den litt annleise loppemarknaden kom til på initiativ frå Line Urke i Ulstein Næringsforum - og viste seg å bli ein skikkeleg suksess.