No er det jul igjen i gjenbruksbutikken

Sist veke var medarbeidarane ved NMS Gjenbruk sin butikk i Uslteinvik i full sving med å plassere ut julevarene. Butikken har også ei eiga adventsavdeling. Kva med ein lilla sofa til advent?  Foto: Jorulf Myrene

Kultur

Ved Gjenbrukbutikken i Ulsteinvik får gamal julemoro kome til heider og vørdnad att i desse dagar. Julekuler, kakeboksar, nisseservise, lyslenker, juletrepynt, juletre og skarar med nissar og englar i alle fasongar vert leita fram frå kasser og kartongar for å kanskje få eit nytt liv i ein ny heim.