Populært med "Jungelboken"

Sparring: Øving på ei av dei mange scenene i musikalen – «slåstkampen» mellom menneskebarnet Mowgli og bjørnen Baloo. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Kultur

Denne veka har Sunnmøre Folkehøgskule nådd høgdepunktet i arbeidet med årets musikal. Torsdag og fredag har elevane vist seg fram for skular og barnehagar, og laurdag tek dei imot publikum på Sjøborg.


Vi blei med på øving til SUFH-musikalen «Jungelboken» – torsdag er det premiere:

– Det blir spesielt, og kjekt

Elevane ved Sunnmøre Folkehøgskule øver no knallhardt til årets musikal, «Jungelboken». I alt blir det fem framsyningar på Sjøborg kulturhus torsdag, fredag og laurdag.


Grunna smittevernomsyn er det berre mogleg med 200 i salen under framsyninga. Oppsettinga laurdag ettermiddag vart fullbooka og difor har folkehøgskulen sett opp ei ekstraframsyning laurdag føremiddag. Også denne ser ut til å bli godt besøkt og fredag ettermiddag er om lag halvparten av plassane reserverte.