– Det blir fint å få synge julesongar i denne rare juletida

Bror Magnus Tødenes og Ida Katrine Hagen Johansen gler seg til å syngje julesongar i Ulstein kyrkje førstkomande laurdag.

Duett: Ekteparet Bror Magnus Tødenes og Ida Katrine Hagen Johansen gifta seg i Ulstein kyrkje sommaren 2018. Laurdag 5. desember held dei klassisk julekonsert i same kyrkje. Det siste åra har dei sitte mykje for seg sjølv for å unngå å bli smitta av koronaviruset. – Det har vore ein litt stussleg situasjon, seier dei og gler seg stort til å sjå att kjende andlet i Ulstein. Dei synest det blir fint å få framføre julesongar no i denne spesielle tida. Foto: Bertil E. Tødenes. 

Kultur

På grunn av smittevernreglane er det berre plass til femti publikummarar denne gongen.