Hjørungavågar med rykande fersk visebok

Johnny Bakken frå Hjørungavåg har budd i Nord-Noreg dei siste 25 åra. No er han aktuell med ei visebok, der han har tonesett dikt av diktaren Einar F. Johansen frå Bø i Vesterålen.  Foto: Privat

Kultur

«Det ekte kjøme innafrå!» seier Johnny Bakken som for 25 år sidan «emigrerte» til nordlegare breiddegrader. nærare bestemt Sortland i Vesterålen. Der lever han både av og for musikken, og har vore synleg på alt av kulturarena i regionen der, som songar, dirigent, arrangør komponist o.s.b.