Førpremiere på Oscar-favoritt om eit viktig tema

Den seks gonger Oscar-nominerte filmen «The Father» har premiere 25. mai, men allereie førstkomande tysdag kan du sjå filmen på Sjøborg kino.

Førpremiere: – Førstkommande tysdag inviterer vi til førpremiere på «The Father», ein film som handlar om demente Anthony og dottera hans, Anne, fortel kinosjef Kristine Brungot 

Kultur

– «The Father» er ein av årets store Oscarfavorittar, nominert til seks prisar, mellom anna for Beste film, Beste mannlege hovudrolle og Beste kvinnelege hovudrolle, fortel kinosjef Kristine Brungot og legg til at dei har lagt førpremieren til tysdag 27. april, like etter helga for Oscar-utdelinga.