Køyrevegen: Dette fotoet er truleg frå 1958 og viser hus langs Køyrevegen og Gamle Brandalsvegen på Ytre Hareid. Det er Aase Sporstøl Sydness som har lagt ut bildet, og ho trur det er far hennar, Einar Sporstøl, som har teke det. Det hang i mange år på hytta deira i Ørsta. Det raude huset nedst er Svanhild Røiseth sitt, der dottera Synnøve Røyset bur i dag. Det store grøne huset med ark på taket er Sporstøl-huset der Einar og Agnes Sporstøl dreiv konfeksjonsfabrikk i tidsrommet 1951 til 1970. På det meste jobba der sju sydamer pluss ein tilskjerar. Heile første etasje var fabrikk, og på loftet var det utsal. Seinare vart ein del av kjellaren gjort om til butikk. Det gule huset bak til høgre var Engen-huset, barndomsheimen til blant andre Andor Engen. Flyttar vi blikket eit hakk opp og litt til venstre, ser vi Jensen-huset, der Bente Jensen bur i dag. Deretter følgjer Dimmestøl-huset, eller «1917-huset», som i dag er bustaden til Lars Atle (Lasse) og Elin Flø. I det flotte funkishuset budde Ragna og Lars Hareide (Teia-Lars), som dreiv butikk i første etasje og selde alt frå vekeblad til smykke, klokker og syklar. Deretter følgjer huset til Fridtjof og Åsta Hareide, barndomsheimen til Håvard og Åge Hareide, og bak granhekken ser vi litt av huset til Magne og Alvhild Hareide, barndomsheimen til Marte Hareide. Går vi endå eit hakk opp og til høgre, til det lysegrøne huset, så var det barndomsheimen til Andrea Hareide. I dag er det Trond Velle og Marit Pettersen som eig huset. Endå eit hakk opp ser vi det kvite murhuset som var sett opp av Arthur og Pauline Leine. Deretter følgjer det gule huset til Erling og Kristine Anthi, i dag eigd av sonen Johan. I det kvite huset i same rekke budde Erling Hovlid. I dag er det Odd Lykstad som eig huset. Det gule funkishuset i krysset vart bygd av Emma og Ole Hovlid. I dag er det bustaden til Hallvard Sæverud og Marit Øien Sæverud. Rett bak står murhuset til Kåre og Hjørdis Sæverud og til høgre for det har huset til Anne Elise og Steinar Hovlid kome opp, i dag eigd av Nikita Bigset og Roger Angelsen. Dette huset vart oppført i 1954 og var av dei aller høgastliggande før gardane øvst i Hovlida og Håbakkane. I dag er all dyrkamark imellom fylt opp av hus. Foto: (truleg) Einar Sporstøl. ANNE GRY EILERTSEN

Køyrevegen