Endeleg speidaraktivitet igjen:

Arrangerte sporløp

I førre veke arrangerte KFUK-KFUM Hareid sporløp i Hareid sentrum – etter eit utfordrande år med koronapandemi og låg aktivitet for speidarane.

Sporløp i sentrum: KFUK-KFUM Hareid arrangerte i førre veke sporløp i Hareid sentrum – til stor glede for dei rundt 40 deltakarane. Her ser ein eit knips frå avslutninga etter løpet.   Foto: Hareid KFUK-KFUM.

Speidarleir og andre vanlege felles møtepunkt har blitt avlyst, så det var veldig kjekt å kunne samlast igjen rundt eit koronavenleg arrangement

Ottar Røyset, KFUK-KFUM Hareid
Kultur

I alt fem patruljar, som hadde fått namna «Gaupe», «Bjørn», «Elg», «Krystallrev» og «Hoggorm» – var med på sporløpet – som fann stad i Hareid sentrum.