Hareid musikk- og kulturskule:

- Vi vil gjerne ha fleire elevar

Rektor Torgeir Hauge fortel at musikk- og kulturtilbodet for born og unge i Hareid er godt - men at han gjerne ønsker at endå fleire nyttar seg av det.

Spelte for Syverplassen-borna: Hareid musikk- og kulturskule møtte fram og spelte for borna i Syverplassen barnehage nyleg - då borna gjekk i 17. mai-tog utanfor barnehagen. Det var også ei kjekk stund for elevane i musikk- og kulturskulen, der dei fekk halde ei framsyning for andre.  Foto: Torgeir Hauge.

Kultur

Den offisielle fristen for å søkje seg inn på dei mange tilboda til Hareid musikk- og kulturskule er eigentleg laurdag 15. mai. Men, det blir gjort løpande opptak også etter denne fristen – fortel rektor Torgeir Hauge til Vikebladet Vestposten.