Innsendt:

Velkomne til sommarfestivalen Smak av Ulstein 2021

Kulturkontoret i Ulstein byr nok ein gong inn til Smak av Ulstein. Arkivfoto.  Foto: Anne Gry Eilertsen

Kultur

Skrive av kulturkontoret i Ulstein kommune

Vi gler oss til igjen å kunne arrangere sommarfestival i Ulstein 10.- 13.juni, sjølv om smitteverntiltak dessverre nokre avgrensingar for aktivitetar og innhald. På årets Smak av Ulstein vert det som vanleg ein god miks av kulturelle opplevingar, ulike aktivitetar og gode tilbod i butikkar og hos dei mange serveringsstadane i Ulsteinvik.

Aktiviteten og arrangementa er i år i hovudsak lagt til Ulstein Arena og Sjøborg kulturhus. Torsdagskvelden opnar med kulturskulen sin sommarkonsert, før jazzdronninga Karin Krog, saman med dei eminente musikarane Staffan William-Olson og Terje Gewelt går på scena i Sjøborg.

Fredag på dagtid er Sjøborg klar for ein kortversjon av operaen Den Glade Enke, med operasongarane Stephanie Lippert og Håvard Djupvik. I biblioteket blir det bokbad med søstrene Kari og Jorun Veiteberg. Kari Veiteberg, biskop i Oslo, er som forfattar mest kjend for bøkene «Evas Døtre» og «Bibelens kvinner».

Utover kvelden blir det to konsertar med Ulstein Ten-sing, før vi avsluttar kvelden i Sjøborg med stand-up-legen Jonas Klinge Bergland med sitt heilt ferske show Dr. Bergland Uten Grenser.

I kinosalen vert det premiere på filmen om United States VS Billie Holiday, og her vil song ved Ann Cesilie Skundberg sette oss den rette stemninga før filmen.

I Bugardsmyrane blir det utover kvelden og natta, «Seek & Find» i regi av Ung Arena og ungdomsklubben Bell.

Laurdagen er fullspekka med smakar for alle. Sjøborg kino startar føremiddagen med to gratisfilmar for barn, før Sjøborg kino på ettermiddagen inviterer til gratisvisning for fotballungdomen på Norway Cup-filmen «BORTEBANE». Visningane er sponsa av Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Ved Ulstein Arena blir det minihandballturering og utandørs korpskonsert med ULF & HDU. For dei som vil prøve lukka til sjøs, kan vi freiste med RIB-tur rundt Runde eller med litt roligare fart, ein skjergardstur med til Herøy gard og Borgarøya. På skjergardsturen med Hindholmen blir det servert både gode historier og bacalao. På Flø har Andreasgarden-gjestetun blitt ein attraksjon. Her blir det boder og muligheit for ein smak på Andreasgarden si urte- og fiskesuppe.

I Sjøborg denne laurdagskvelden er det karane i Oaksound som vil sette publikum i stemning. Ståle Rasmussen, Bertil Tødenes, Jostein Storøy og Øystein Djupvik, er i høve konserten forsterka med Runa Husøy og Øyvin Sønnesyn.

Søndagen inviterer kyrkja til friluftsgudsteneste på Borgarøya. Her kan du få skyss frå Sjøsida kl 10.30 med Hindholmen. For dei som ikkje fekk med seg ein fartsfylt RIB-tur laurdag, blir det ny muligheita til det søndag.

Smak av Ulstein 2021 blir gjennomført i samsvar med gjeldande restriksjonar og smitteverntiltak. Nokon vil kanskje sakne store samlingane utandørs, men det let seg ikkje gjennomføre. Mange vil også sakne Thomas Tivoli, men dei har lova å kome tilbake til neste års arrangement.

Vi håpar mange gleder seg til det som skal skje og så sjåast vi på Smak av Ulstein!