Sjå bilde frå den eine av Ulstein kulturskule sine sommarkonsertar:

Spelte sommaren inn på Sjøborg

Både onsdag og torsdag var det sommarkonsertar på Sjøborg kulturhus, der song- og musikkelevane i Ulstein kulturskule fekk vise fram kva dei har lært.

The Band tolka Deep Purple: Bandet "The Band", som bestod av Sondre Fiskaa Ødegård (f.v.) på tangentar, Iver Støylen Haraldsvik på gitar, Lars Mæhlum Ulstein på gitar, Knut Sigve Tokheim på trommer og Sjur Ljones Kulø på bass - hadde ingen ringare enn sin eigen musikklærar Jan Ramstad med som gjestevokalist. Gruppa rocka laust på Deep Purple sin tøffe låt "Smoke on the Water".  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Kultur

Vikebladet Vestposten tok turen innom den første konserten til kulturskulen torsdag ettermiddag - der elevane til Nadia Demirova, Peter Demirov, Stig Lennert Håheim og Jan Ramstad var i aksjon.