Sorgsælmann ifrå Hareidland

Tidlegare i år møtte eg 70-årsjubilanten Leiv Arne Grimstad – Leifen – til ein samtale om Bob Dylan. Låtskrivaren, poeten og nobelprisvinneren Dylan, His Bobness, som i vår fylte 80 år.

BOKAKTUELL: Leiv Arne Grimstad fylte tysdag 70 år og feirar også 50 år som journalist. På bursdagen kom han med boka «Den gongen eg bygde hønsehus - og anna nedfall frå eit langt skrivebord». Foto: Sondre Åkervik. 

Kultur

Eg er journalisten, men legg i denne samanhengen frå meg den profesjonelle distansen og er samtalepartnar, fordi få menneske med seriøs sans for ord, tekstar og musikk, kjem utanom fenomenet Dylan. Ikkje berre var han røysta til den såkalla 68-generasjonen. 80 år gammal er han framleis i stand til å samle tusenvis av menneske på konsertar, og framleis greier han å uttrykkje grunnleggjande kjensler omkring menneskeleg tilvere, sorg og glede.