Finsnikra heider til ei utslita brødfjøl

Som ein heider over levd kvardagsliv og nøysemd hamnar brødfjøla til Judith Kaldhol no på utstilling.
Kultur

Ho ber spor etter tusenvis av oppskorne brødskiver, den pensjonerte brødfjøla som heretter berre skal stå på stas. Og det vil ho gjere i ein svært så forseggjort glasmonter. I snikkarverkstaden sin på heimegarden på Røyset har Harry Røyset (68) nemleg snikra eit skap som no får eit uvurderleg innhald.