Gårsdagen:

Hareid mellom midten av 1970- og byrjinga av 1980-talet

Vi ser området ved samvirkelaget og Solstrand pensjonat. Hareid har enno ikkje fått miljøtunnel, det såkalla Loket, som vart ferdigstilt i august 2001, så bildet er frå før dette. 

Store endringar: Det har vore store endringar i Hareid sentrum på relativt kort tid. Noko dette bildet teke ein stad mellom midten av 1970- og byrjinga av 1980-talet fortel.   Foto: Arkiv.

Kultur

Det var først planar om ein tunnel heilt frå sentrum og fram til Kvalsvik Trevare, men i staden valde ein å senke riksvegen og legge eit lok over, derav namnet Loket. Med dette fekk Hareid eit samband mellom indre og ytre del utan at ein måtte gjennom eit trafikkert vegkryss. Riksvegen gjennom Krokdalen (Flødalen) vart bygd i åra 1962-64.