Språkspalta:

Hen og hedning

Nei, dette skal ikkje handle om det personlege pronomenet HEN om ein person som verken er mann eller kvinne.

Øyde: "Dei som vart kalla heidningar fekk dette namnet fordi dei levde ”langt borte”, - i fjerne, udyrka område, skriv De Caprona i si store etymologibok." Det skriv Leiv Arne Grimstad i denne vekas språkspalte.  Foto: Illustrasjon/Unsplash.com

Kultur

Det skal handle om det i forkant-stilte leddet HEN i ord som HENFALLE, HENGIVEN, HENRETTE, HENRYKKE, HENSEENDE, HENSIKT, HENSTILLE og bruken av ordet i spørsmål som ”Kvar skal du HEN?” Dette HEN-leddet er nok mykje meir vanleg i bokmålet enn i nynorsken, der det er meir eller mindre uglesett, i alle fall i skrift. Vi seier helst OMSYN der andre seier HENSYN.