Minnast dei som har gått bort gjennom musikk, ord og handling

Komande helg feirar vi helgemesse for samlast i sorg og sakn over dei vi har mista, men også i takksemd for det livet dei har levd.

TIL MINNE OM DEI SOM ER BORTE: Gjennom musikk, ord og handlingar får dei som har mista nokon det siste året høve til å minnast dei som har gått bort. - Dette vert ei samling der vi rettar augene våre mot håpet, seier diakon Mari Ann Vattøy og kantor Ståle Helvig i Ulstein sokn.  Foto: Jorulf Myrene

Kultur

Gjennom musikk, ord og handling får etterlatne vere med å minnast dei som har gått bort det siste året. Det skjer i ei eiga minnesamling i Ulstein kyrkje allehelgensaftan.