Risikerte livet for å hjelpe

Kjartan og Kåre Oksavik heidra med krigsminnemedaljen
Kultur

Det var ikkje berre dei som reiste ut i andre verdskrigen som risikerte liv og helse for fred og fridom.

Torsdag fekk Kåre Oksavik delt ut minnemedalje for innsatsen han la ned under andre verdskrig. Medaljen frå regjeringa går ikkje alltid til dei som utførte krigshandling, men kan like gjerne gå til andre som la ned ein særskild innsats, og det gjorde Kåre Oksavik og familien.

Oksavik vaks opp i Oksavika i Sande kommune, difor har kommunane Hareid og Sande i samarbeid med Roald Sporstøl føreslege for regjeringa at søskenbarna Kåre og Kjartan Oksavik bør heidrast med krigsminnemedalje. Kjartan fekk sin på 17. mai, Kåre fekk sin på kommunestyremøtet i Hareid denne veka.

Radiostasjonen Frey

Kåre Oksavik takka for medaljen og sa at det var ein honnør til heile familien. To familiar budde i eit vertikaldelt hus der dei var ti søskenbarn som vaks opp som søsken.

– Tradisjonelt var det mannfolka som greip til våpen og reiste ut i krigen, men det var også ei stor påkjenning å vekse opp under krigen å sjå på all mishandlinga som gjekk føre seg og vente i uvisse, sa Oksavik til kommunestyret.

Han fortalde levande om korleis dei to familiane hjelpte brørne Ole og Tore Snefjellå å halde seg i skjul medan dei dreiv radiostasjonen Frey i fjella. Kåre var 15 år og Kjartan 17 år, men dei var aktivt med i arbeidet. Tyskarane vaka rundt Oksavikfolket, så dei måtte bere opp forsyningar på natta.

Dei to gutane i tenåra var mykje oppe med dei to radioagentane og lærte forskjellig av dei.

– Det var ikkje berre alvor. Dette var trivelege karar, sa Oksavik og fortalde at dei to i skjul var ikkje stort eldre enn Oksavik-søskenbarna, 22 og 26 år.

Eige og andre sitt liv i fare

Roald Sporstøl sa at det kan verke sjølvsagt å hjelpe, men ved å hjelpe dei to med lyttestasjonen, sette familiane både eigne og andre sine liv i fare.

– Det er stort for oss at det blir nasjonal heider for det som skjedde i Oksavika. Det var ein brikke i den store europeiske krigen, minna Sporstøl om.

Stasjonen vart omsider oppdaga. Familiane måtte betale ein høg pris den for innsatsen sin, dei vart drivne frå gard og grunn. Fleire vart torturerte. 

– Kva er lærdomen? Me må vere førebudde på at det kan skje igjen. Det er viktig å halde seg i god form både psykisk og fysisk, ein veit aldri kva som ventar, råda Kåre Oksavik og la til at han håpte at det ikkje skjer igjen.