Øystein Orten frå Hareid har skrive den historiske romanen “Rasmus Rebellen” som vart lansert på Kaffikari hausten 2013.

Boka handlar om bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust som manar folket til kamp mot overmakta på 1600-talet. Bust er ein forfader av forfattaren sjølv.

Terningkast fem

Bokmeldarane som har trilla terning over boka har gjeve boka terningkast fem (VG og Romsdals Budstikke).

Jostein Sæbøe i Romsdals Budstikke skreiv at boka held eit høgt nivå. – Det historiske stoffet er blitt transformert på overtydande vis til ein fascinerande roman, til eit solid litterært verk, skreiv han

Like før nyttår kom meldinga frå Tom Egeland i VG. Han lar seg begeistre og imponere over pennen og forteljargrepet til Orten. – Og for en roman! Her står lyrikeren Orten side om side med epikeren Orten, roste Egeland.

Fleire gode meldingar

Boka har også fått gode tilbakemeldingar i Klassekampen, Dag og Tid, Stavanger Aftenblad, Synste Møre, Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten.

– Boka gir et levende bilde av kyst-Norge på 1600-tallet, skreiv Bjarne Robberstad i Klassekampen.

– Her går historisk kunnskap, fantasikraft og politisk-sosialt engasjement ofte saman på elegant, perspektivskapande vis, skreiv Steinar Sivertsen i Stavanger Aftenblad.

– Ein sann svir å lese, meinte Torill Myren i Sunnmørsposten.

– Øystein Orten har skrive ei truverdig historie. Ei bok som gir lærdom og oppleving på fleire plan og i eit språk som er ei nyting å lese, roste Vidar Parr i Synste Møre.

– Betre enn Solstad

Fleire av bokmeldarane set romanen frå Orten opp mot siste romanen frå Dag Solstad: Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591–1896.

Solstad har skrive om slektshistoria si gjennom over 300 år. Han skal ha uttalt at det er avskyeleg å gje såkalla liv til fortidas menneske.

Under overskrifta Bondeførarportrett stiller Stavanger Aftenbladet Orten sin siste roman opp mot Solstad sin siste roman, og meiner Orten sin roman er betre.

Men Øystein Orten vil ikkje vere med på denne samanlikninga. Han kommenterer på Facebook-profilen sin at det er morosamt, men er viss på at Solstad har heilt andre intensjonar med si utgjeving enn det han har. Derfor blir samanlikninga urimeleg, skriv Orten og legg til at Solstad er ein favoritt, og at han ønskte seg boka hans til jul.