I desse dagar er det akkurat 70 år sidan folket i Oksavika fekk krigen heilt inn på livet. Fredag 2. mai inviterer IOGT Søre Sunnmøre til ei samling på IOGT-huset i Myrvåg der Kjartan Oksavik og Roald Sporstøl vil fortelje om korleis innbyggjarane av den vesle grenda kom med i ei illegal teneste som nærpå kosta nokre av dei livet mot slutten av krigen.

I april 1944 kom 2 illegale agentar og byrja overvaking av skipstrafikken langs kysten. Frå fjellet ovanfor Oksavika hadde dei god utsikt over m.a. Rovdefjorden, Syvdsfjorden og Voldsfjorden. Dei sende meldingar om den tyske trafikken til London,  opptil fleire radio-meldingar kvar dag.  Tyskerane kunne ikkje lenger ha hemmelege transportar av krigsutstyr og mannskap i dette området, og dei kunne ikkje gøyme seg vekk inne i fjordane uten at allierte fly fann dei.

Tyskerane fekk tidleg mistanke om at der var ein hemmeleg, norsk radiostasjon  som sende meldingar til London. Dei sette difor i gang radio-peiling og leiting langs fjorden. For å kome seg unna måtte den hemmelege stasjonen, FREI II , fleire gonger flyttast rundt i det ulendte terrenget, eit arbeid som dei to radio-agentane ikkje kunne klare åleine. Dei var difor heilt avhengig av hjelp frå folket i Oksavika. Her fann dei hjelparar som dei virkeleg kunne stole på. Dei to familiane til Amund og Elias Oksavik stod sentralt i denne hjelpetenesta, og dei ytte hjelp av ulike slag. Mellom anna sytte dei for at matforsyningane kom fram til FREI II.

Det knytte seg stor spenning til dette livsfarlege gøyme-og-leitespelet mot tyskerane.  Kjartan Oksavik og Roald Sporstøl kjenner godt til denne delen av krigshistoria, og dei vil fortelje om dramatikken og uhygga som prega Oksavik-grenda gjennom året 1944, heilt til bobla sprakk, og tyskerane storma inn med arrestasjonar og fengsling 1.februar 1945.

Jamvel om ein har mange vonde minne frå krigsåra, bør ein ta lærdom av opplevingar ein hadde den tida. Som eit synleg krigsminne er no ”radiokåken” FREI II bygt oppatt ved bergnabben der radiostasjonen var plassert siste tida før aktiviteten vart stansa. Kjartan Oksavik og Roald Sporstøl har vore hovedmennene for arbeidet med å bygge oppatt ”ein kopi” av radiokåken, og på møtet i IOGT-huset i Myrvåg 2. mai vil dei fortelje om historia og bakgrunnen for at FREI II no står som eit krigsminne over innsatsen til dei 2 radio-agentane som i livsfare, gjennom kulde og frost stod på post i utmarka over Oksavika i nesten 10 månader. Det vil også bli vist lysbilete frå området der hendingane gjekk føre seg, og bilete av dei mest sentrale aktørane rundt den illegale radiostasjonen for 70 år sidan.