Så verdsett er Bjella som tekstforfattar, at fleire framståande artistar reagerte sterkt då han ikkje blei nominert i nettopp sjangeren «Tekstforfatter» under Spellemannprisen i fjor.

– Bjella er ein av dei som klårast skil seg ut. Han har fornya visesjangeren, og framstår som ein moderne Alf Prøysen i måten han skildrar folk på landet, spesielt den nevrotiske bygdemannen som eksponerer fleire veikskapar enn han vedgår, sa Bjørn Eidsvåg til VG Nett i desember i fjor.

Sjølv skildrar den tilbakehaldne og stillfarne Bjella seg som ganske enkelt «mann med gitar». Han blir òg kalla «talsmannen for dei tause menn». Og det er kanskje ikkje rart når ein ser på tekstane frå debutplata Heidersmenn (2009): «Du går og leie rundt omkring / på den lekre fruen min. / Ha alder sett ho so glad / gode venni er gode å ha./ Eg går rundt i mitt tomme hus / du går rundt i elskovsrus. / Kan du hugse at eg sa / gode venni er gode og ha.»

Debutplata fekk jamt over svært gode kritikkar, men det var altså med albumet Vonde visu at Bjella nådde eit større publikum. Titlane på songane, til dømes «Innegubbe», «Romantikken gjer meg sjuk» og «Moromann», tilseier at tekstuniverset er det same som på første plata. Bjella er likevel ikkje redd for å hamne i same båsen av tekstforfattarar som hyllar bygdelivet, kan det verke som.

– Det handlar om å sjå det rundt seg, og ta innover seg det som er rundt oss. Leve med det som er rundt oss, på same måten som Lars Lillo syng om det som er rundt han i Oslo. Eller når Jokke gjorde det. Så er utfordringa å gjere det til noko meir enn heimstaddikting, nemleg at det kan bety noko universelt. Det er jo det som er hemmelegheita. Dess meir presist du klarer å setje fingeren på det, dess meir vil andre kunne kjenne seg att, uttala han til journalist André Løyning i 2009.