Onsdag kveld kom Bjarte Vestøl roande til Toralfbuda i Havågane. Magne Bergseth i Flåværleia kystlag hadde på førehand teke initiativ til ein varm velkomst for den barske roaren. Han rodde og i møte med han sør for Måløya ved Jøsok og dei rodde i lag inn til Havågane.

Ved Fureholmane . Foto: Magne Bergseth

Vi møtte ein livsglad Bjarte i Toralfbuda etter ei bokstaveleg tala våt natt på Kvamsøya. Tysdag denne veka rodde Bjarte rundt Stadt. Han starta tysdag morgon frå Silda og 11 timar og 33 km i luftline etter kom han til Kvamsøya. Bjarte fortel om ein krevjande tur rundt Stadt. Dei som ferdast her veit godt kor lunefulle bølgjene her kan vere. Bjarte var godt budd. Spesielt viktig var dei gode råda han fekk med seg frå ein kjentmann på Silda, og rodde dermed nordover på den mest gunstige tida.

Bjarte har rodd norskekysten før, han er fjellklatrar, han arbeider ved Universitetet i Agder, han er redningsmann for havarerte boreriggar i tronge tunnelar, han er pensjonist og han ror no for Stine Sofie- Stiftelsen. Denne stiftinga gjer mykje godt arbeid for vald mot born og Bjarte ynskjer at dei han møter på vegen vil vere med å støtte dette arbeidet.

Bjarte Vestøl vart teken i mot av medlemmer i Flåværleia kystlag i Toralfbuda i Havågane Foto: Børre Waagsn

I praten rundt matbordet fortel Bjarte at roing, mat, natur, søvn er hovudingrediensane i livet i perioden frå 1. mars og dei neste 6 månadane dette året. Målet er å nå russegrensa ved Kirkenes innan 1. september, viss det går som planlagt. Bjarte tek ein dag av gongen, planlegg ut frå veret og tek ting som dei kjem. Bjarte fortel at mat er viktig på turen. Han merkar allereie at roinga krev meir energi enn han greier å ete. Dobbel porsjon Fjordland og 200 gram sjokolade er berre litt av dagsrasjonen han må sikre seg.

Når klokka runda ti denne onsdag kvelden takka vi Bjarte for laget og ynskte han god tur vidare. Vi fekk sendt digitale bodstikker nordover leia, slik at nokon veit at han er i kjømda og vi fekk tipsa han om stadar for overnatting i Ålesund. På https://bjarteseventyr.no/ kan ein følgje Bjarte si ferd nordover.