Foto: gunnar Wiik

Laurdag kveld spelar Bettan på Hotel Alexandria i Loen. Artisten, som er like populær i Norge som i Sverige, har aldri lagt skjul på at ho har eit spesielt forhold til Sunnmøre. Andreassen gler seg derfor veldig til konserten i Ulsteinvik. Ikkje minst etter at ho fekk høyre nokre demolåtar av vårt lokale storband, der dei swinga skikkeleg.

- Vi snakka nyleg med henne, og Bettan ser verkeleg fram til å opptre saman med oss, fortel Jørn Warholm.

Motivasjonen til Jørn og dei andre musikarane i bandet er den aller beste på øvingane, som også går føre seg heime hos den enkelte. Dei har enno åtte veker att å øve på. Alle har tru på at dette kan bli tidenes performance i Sjøborg, og legg med det forventningane og lista ekstra høgt. Noko som også kan smitte over på publikum. Dei vil få høyre songar som er henta frå fleire ulike sjangerar - som country, pop, musicals, Grand Prix, evergreens og ballader - men desse vil likevel vere godt tilpassa storband-formatet.

- Med songar som Over the Rainbow, Gabriellas sång, Flickan i Havanna, La det swinge, Danse mot vår og You raise me up på repertoaret, er vi rimeleg trygge på at dette skal bli ein kanonkonsert. Vi både håper og trur på fullt hus og stormande jubel i Ulsteinvik si storstove. Bettan har appell til både store og små, så vi er ikkje redde for å gå ut med denne ambisiøse målsettinga, seier Warholm, som smilande oppmodar musikkvenner til å handle raskt:

- Når billettane blir lagt ut laurdag, så ikkje nøl; løp og kjøp!