- SV har lang tradisjon for å markere 1. mai, ofte i lag med med fagrørsla, solidaritetsrørsla og miljørørsla. I år feirar Hareid SV og Ulstein SV dagen med felles frukost og innhaldsrikt program der alle er inviterte til å vere med, seier lokallagsleiaren i Ulstein SV, Elin Pedersen.

- Vi er så heldige at vi har ornitolog Alv Ottar Folkestad høgt oppe på SV-lista til haustens kommuneval. - Folkestad skal halde foredrag for oss om miljø på 1. mai. Han skal snakke om "Havet - ufatteleg stort, men også vanvittig sårbart, seier Pedersen.

I tillegg til Folkestad skal Elin Pedersen sjølv halde appell.

- Det politiske engasjementet mitt starta med solidaritet med dei undertrykte i Sør Afrika. Det er naturlig at appellen på 1. mai vil handle om nettopp solidaritet med menneske på flukt og menneske  som lever i krigsherja område, sier Pedersen.

Unni Takseth skal lese eigne dikt på SV sin 1. mai-frukost og Odd Goksøyr vil underhalde med song. Frukosten vert på Skollebakken aktivitetshus i Ulsteinvik.