- "Sommarshow på Larsnes" er ein revy med sketsjar, humor og mykje moro. I år kan ein sjå sketsjar som handlar om blant anna John Arne Riise, dabbing og nabokrangling, fortel larsnesing og initiativtakar Oskar Fjørtoft Sandanger.

Dette blir tredje året med sommarrevy i Landsbyen Larsnes, noko som tilseier at det har blitt ein tradisjon å arrangere dette.

- Vi kan vise til utselde framsyningar tidlegare år, og vi har fått mange gode tilbakemeldingar. Det er alltid like kjekt å kome til Larsnes for å setje opp sommarshow, og vi har det like kjekt kvart år. Det er fleire av skodespelarane som satsar på ei karriere innan humor, og ser på Larsnes som ein veldig fin plass å prøve seg ut på. Vi håper å samle publikum frå heile Sunnmøre, for vi har humor for ein kvar smak - både for unge og vaksne, fortel Fjørtoft Sandanger.

Skodespelarane i år er Oskar Fjørtoft Sandanger, John Gunnar Edvinsen, Herman Brune Leikanger, Jesper Breen Frilseth og Anne Bolstad Skålid. Showet går av stabelen både 24. og 25. juni, med to framsyningar per dag.