Det er difor svært nærliggande for dei å dra ut på turné med tekstar av Vinjediktaren i bagasjen. Sambygdingen Per Anders Buen Garnås er óg med på turen som har Ivar Aasen-tunet som einaste stoppestad på Sunnmøre, søndag 16. november. Odd Nordstoga har tidlegare sunge seg ”heim te mor”, no er det ”heim te bror”. Storebror Aasmund har teke over garden Plassen i Vinje og er vertskap for alle dei som ønskjer å sjå staden der diktaren voks opp. Aasmund Nordstoga er nok mest kjend som kanalvert på NRK, men han er i tillegg ein svært habil songar og har gitt ut fleire plater med mellom anna folkemusikkgruppa Trispann. Han hadde óg ei sentral rolle i Rikskonsertane si storsatsing Tryllefløyta. Både Nordstoga-brørne og Per Anders Buen Garnås kjem frå svært musikalske familiar. Det å stå på ein scene har lenge vore heilt naturleg for dei tre Vinjegutane. No er det ein viktig del av kulturarven frå Vinje som står på programmet, og Odd Nordstoga har laga fleire nye melodiar til denne framsyninga. Det er med andre ord mykje å gle seg til!