Kristina Nevstad får gratulasjonar av viserektor Annik Magerholm Fet ved NTNU i Ålesund. Foto: Foto: Børge Sandnes/NTNU

Kristina har tatt doktorgrad i prosjektleiing

Kristina Nevstad (40) hadde ikkje doktorgrad i tankane då ho etter ungdomsskulen heime på Hareid byrja på teknisk teikning ved Herøy vidaregåande skule. Men 29. november disputerte ho innan prosjektleiing i Trondheim.