Fotballgrepet er intakt sjølv om Kjell Garnes slutta å sparke fotball i 1966. Her framfor huset sitt i Krushammaren, Ulsteinvik. Foto: Anne Gry Eilertsen

Fotballegende med ishavsblod i årane rundar 90

Eit blått og kvitt Hødd-sjal heng godt synleg i gangen, men Hødd-legenda Kjell Garnes påstår at etter kvart som alderen har teke han, krinsar ishavslivet vel så mykje i tankane som bragder på fotballbana.