Fran Healy var også i fjor på festivalen, men i år tek han med seg resten av det skotske bandet som blir ein av dei store trekkplastera til festivalen.

Bandet har solgt mange millionar album og vunne fleire prisar. Kjende låtar er «Sing», «Why Does It Always Rain On Me» og «Closer», «Side», «Flowers In The Window» og «Re-Offender».

I fjor var 30.000 menneske innom gratisfestivalen på den vesle øya. Det var då tjåka fullt og arrangøren har i år sett eit tak på 20.000. Dei som vil vere sikra ein plass på festivalen, får no moglegheita til å førehandsregistrere seg mot ein donasjon på 300 kroner.

I tillegg til Travis kjem artistar som Sivert Høyem, Karpe Diem, Kvelertak, Jahn Teigen, Sondre Lerche og Team Me til festivalen på Giske i slutten av juli.