– Per dags dato er vi utselde, men vi kjem til å leggje ut ekstra billettar, så det er enno sjanse til å få med seg konserten, kan avdelingsleiar Kristine Brungot informere oss om. Ho er strålande nøgd med billettsalet for årets store vårkonsert.

Har hatt Kaizers i Ulsteinvik før

Brungot kan fortelje at den norske supergruppa har vore i Ulstein før, i 2005. Den gongen på samfunnshuset.

– Det var ein kjempekonsert, smiler Brungot.

Like bra kan vi heilt sikkert forvente at det blir på laurdag. Brungot meiner nemleg at bandet appellerer til folk i alle aldrar, og ventar å sjå folk frå heile regionen på denne konserten. Det er kjekt å sjå at dei er villige til å reise litt vårens store konsertoppleving.

80 ekstra billettar

Er du av dei som no sit heime og riv deg i håret fordi du ikkje rakk å få billett til konserten, har du no ein ny sjanse. Sjøborg legg ut 80 ekstra billettar for sal, noko som, vil seie at salen vil romme opp til 700 personar. Dette vert den største publikumskonserten for Sjøborg kulturhus til no.

Les meir i papirutvåva.