Gruppa Karuzela med norske og polske artistar kjem til Ørsta kulturhus 14. april. Foto: pressefoto

Kulturhuset skal vere ein møteplass for alle, difor ønskjer dei på kulturhuset å gje ein konsert for dei mange polske gjestearbeidarane i regionen. Det bur i dag over 200 000 polakkar i Noreg. Det er desse som ”bygg” landet vårt for tida, så det er både spanande og viktig å leite litt meir etter identiteten til dei nye naboane våre, meiner konsertarrangørane.

14 april kjem det polsk-norske samarbeidsprosjektet Karuzela til Ørsta. Dei spelar utvalde songar frå den polske songskatten. Konserten er i regi av Rikskonsertane.

Karuzela gjev deg songar frå den moderne, polske songskatten framført av sterke musikalske namn frå både Noreg og Polen. Songane blir framført på båe språka – av og til samtidig. Publikum vil bli servert melankolsk jazz, poetiske viser, lette poplåtar og sterke kjærleikssongar – heile spekteret ein vellukka visekveld bør innehalde.

Musikarane er:

Jørn Simen Øverli - vokal / gitar

Tora Augestad - vokal

Joanna Lewandowska-Zbudniewek (PL) - vokal

Grzech Piotrowski (PL) - saksofon og duduki

Espen Leite Skarpengland - trekkspel

Pål Hausken - trommer

Sebastian Wypych (PL) – bass

Med Karuzela får vi presentert nokre av dei vakraste og viktigaste songane i Polen. Ikkje berre Agnieszka Osieckas songar, men også andre storheiter som Jacek Kaczmarski. Fleire av songane som legendariske Ewa Demarczyk presenterte er gjendikta av Jørn Simen Øverli. Ønsket er at dette møtet mellom forskjellige musikalske temperament og kulturar, både sentral-europeiske, slaviske og skandinaviske - skal resultere i ein stor musikalsk fest av ein konsert!

Primus motor for Karuzela er songar og gitarist Jørn Simen Øverli. Frå Noreg har han med seg Tora Augestad på sang, Espen Leite Skarpengland på trekkspill og Pål Hausken på trommer. Frå Polen kjem songar Joanna Lewandowska-Zbudniewek og Crech Piotrowski, som spelar saksofon og duduk samt bassisten Sebastian Wypych.

Karuzela er eit samarbeidsprosjekt mellom Rikskonsertane og Josefine Visescene i Norge, og Okularnicy Foundation og Arte Duct i Polen. Prosjektet blir finansiert av EEA Grants og Rikskonsertane