100 år etter hovudpersonen vart fødd kan Line Urke stolt vise fram boka ho har skrive om Rolf "Sin Hatlø.

Torsdagskvelden blir det boklansering på Dan gamle Nabo. Der vil boka bli meldt av eks. fiskebåtskippar Knut Arne Høyvin, som kjende Rolf godt og som er ein meister i å gjengi Rolf-historier.

Fredag og laurdag vil Urke sitje på Blåhuset å selje boka si.

– Rolf og Knut Arne i lag må jo bli artig, meiner forfattaren.

Sette sitt preg på Ulsteinvik

Rolf var født i 1915 og døydde i 1998. Då hadde han rukke å sette sitt preg i Ulsteinvik og bygdene rundt med sin særeigne veremåte. Urke har samla inn mange historier om Rolf opp gjennom åra, men har ikkje teke seg tid til å samle dei og gi dei ut før no. Urke har intervjua mange eldre som var på alder med Rolf Sin, og samla inn historier og bilder.  Rolf var for mange kjend frå ungdomstida på 70-talet, der han vanka i sentrum og stod for underhaldninga for ungdomen.

– Han var ein del av kulturen i Ulsteinvik, og historiene om han er mange – både kva han gjorde, og kva han sa. Men no har historiene begynt å endre karakter – historiene blir gjenfortalt så mange gonger at dei blir forandra. Eg har difor samla inn og gjenfortalt sitat og historier så nært originalen som mogleg, seier Urke om boka «Minnene lever».

Skrive på dialekt

Boka «Minnene lever» er fylt av historier om livet i kystkulturen på Sunnmøre i perioden fram til Rolf døydde, og har mykje humor i seg. For å bevare lydspråket til Rolf Sin, er boka skriven på dialekt. Boka er no klar for salg, både som papir- og e-bok. Line avsluttar med at salet vil føregå med eigen stand på kjøpesentra i Ulsteinvik i første omgang.

Bilde: Torsdag kveld  skal Line Urke lansere boka om Rolf Sin, «Minnene Lever» på Den Gamle Nabo i Ulsteinvik.

Foto: Regionavisa