Rett etter Marit Larsen, samstundes som Mikhael Paskalev, og rett før Team Me spelar elektronika-spiren Pandreas på Urørt-scena på ein av landets største musikkfestivalar.

Han er ein av ti Urørt-artistar som i haust vart plukka til å opptre på Urørt-scena på Slottsfjellfestivalen.

Det var i vinter han lasta opp låtane som han har laga på hybelen sin i Bergen, der han til dagleg studerer jus.

I starten av mai vart han kåra til "vekas Urørt". Dette medførte å bli spelt av på radio og han fekk etterkvart tilbodet om å spele på festivalen som gjekk av stabelen i Tønsberg denne veka.

Han har allereie spelt på to mindre festivalar i Bergen og Oslo og skal til Stavanger og Trondheim seinare i år.

- Spennande

Før Rasmussen reiste til Tønsberg fekk Vikebladet Vestposten snakka litt med den lovande musikeren. Eit fyldigare intervju vart også laga i slutten av april. Les det HER.

- Korleis vert det å spele konsert på ein så stor festival?

- Det blir spennande. Eg anar ikkje om det kjem nokon å ser på i det heile tatt, men eg er klar og reknar med det blir artig uansett.

Har du øvd mykje?

- Ja, eg har førebudd meg bra. I tillegg har eg spelt to konsertar før i sommar. Eg satsar på at nummer tre også vert ein suksess.

Reiser du ned åleine?

- Nei, eg har med meg ein bra gjeng som heiar meg fram. Det er fint.

Pandreas spelar altså på Urørt-scena på Slottsfjellfestivalen klokka 15.00 laurdag.

PS! Hiphop-duoen Envy, som har Hareidsdølingen Daniel Moldskred Strand som live-keyboardist, spelar på "Kongescenen" i dag, fredag, klokka 15.45 på same festival.