Livet som enke eller ugift kunne vere eit slit. Her ser vi fiskearbeidarar ved anlegget til reiar Peter S. Brandal. Frå v. Pernille Brandal, Serina Brandal, Marte Eline Brandal, Petra O. Brandal, Dina Karlsen, Anna Voldsund, Sina Kristensen, Gurine Liavåg, Emma Brandal, Davida Andersen, og Karoline Marø. Foto: Ishavsmuseet Aarvak

I desse dagar er det 110 år sidan «Isspurven» gjekk ned

Ishavsblodet flyt tjukt gjennom årane på ordførar Bernt Brandal. Det skal vi kome tilbake til, men denne gongen er det ikkje han som skal ha hovudrolla. Den skal oldemor hans, Emma Brandal, ha, for i desse dagar er det nøyaktig 110 år sidan ho vart enke i ein alder av 39 år.